Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Dramatisk lokalhistorie

Skrevet 06.11.2009 12:50 - Underholdning

Det er mørketid, og det stundar mot jul. Kva passar da betre enn å lese ei god bok? Nabonytt vil framover komme med gode lesetips til den som er glade i å lese bøker - eller som ikkje finn julegåva til tanta som har alt.

 

Først ute er ei bok om ei dramatisk hending frå Leksvik:

 


Odd H. Vanebo: "Men ikke fradømt æren".
Embla forlag.

 

"Dømt - men ikke av bygda".

Det var tittelen på ein reportasje i VG om ordføraren i Leksvik, Elias Grande, som for nøyaktig 50 år sidan måtte sone ei lang straff i Botsfengselet for å ha skaffa bygda ein industribedrift. Da bedrifta gjekk konkurs og banken måtte likvidere, ofra han heile formuen til familien for å betale tilbake det han betrakte som æresgjeld.

 

Historia om Elias Grande og første kapittel i industrieventyret i Leksvik, blir fortalt i Men ikke fradømt æren, som i haust vart gjeve ut på Embla Forlag, med Odd H. Vanebo som forfattar.



Odd H. Vanebo.

 

- Eg har heilt sidan 1973 ruga på denne usedvanleg spennande saken, om ordføraren og bygdehøvdingen som var både bankkasserar og gründer av den første industribedrifta i Leksvik, seier forfattaran sjølv, i ei pressemelding. 

 

Embla Forlag held til i Steinkjer, og dei satsar mest på norske matbøker, barnebøker, hobbybøker og humorbøker. Men vi finn og romanar og lokal historie i utvalet deira.

 

Men ikke fradømt æren er ei medrivande historie, som har mange av ingrendiensane ein god roman kan ha. Og det er spesielt at dette er ei historie frå det verkelege liv, og det frå ei bygd i vårt distrikt. Elias Grande er mannen som ofra alt for bygda si.

 

Forfattaren, Odd H. Vanebo er mangeårig journalist, og er ein sentral person i norsk fagpresse gjennom Vanebo fagpresse. 

 

Besviset på at han er ein kritisk journalist, ser vi med denne boka. Vanebo har gjort eit solid forarbeid, og kjeldene er mange. Herleg er det også at han har krydra boka med gode bilete.

 

Men ikke framdømt æren er ei god bok, om ein mann som vart fradømt alt, men som likevel stod oppreist med æra i behold.

 

ET


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: