Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Valentinsdagen

Skrevet 14.02.2010 09:54 - Underholdning

UKM2010 048
Lisa Bundgård og Jo Arne Fossmo sang om kjærleiken i Lift me under UKM forrige helg.

Kvar kjem valentinsdagen frå? Kva kallar me dagen?

Valentinsdagen, også kalla dagen for alle hjarte/dagen for kjærleik, blir markert i dag, 14. februar, som ei feiring av kjærleik og romantikk. Dagen har etter kvart vorte feira også her i landet, godt fremja av næringslivet og Posten. Folk gjev gåver, konfekt og sender kjærleiksbrev eller -kort, ofte anonymt.

 

Etter folketrua begynte fuglane å para seg på denne dagen.

 

Den kristne feiringa av dagen kan elles ha røter i romersk feiring av gudinna Juno, som representerte kvinner og ekteskap, og starten på ein fruktbarheitsfest som begynte 15. februar.

 


Kysset. Av den italienske målaren Francesco Hayez (1859). 

 

I England har valentinsdagen vorte feira sidan 1600-talet. Til grunn for feiringa ligg myten om den heilage Valentin (Valentinus). Valentin vart fengsla etter at den romerske keisaren Claudius trua med fengsel og dødsstraff for dei som ikkje fornekta kristendommen. Valentin ville ikkje det, og han vart difor steina (14. februar etter somme kjelder) i året 273 e.Kr. Før Valentin vart drepen, skal han ha skrive eit brev til ei kvinne han var glad i, Julia, og bede henne halda seg til Gud. Underskrifta var «… frå din Valentin».

 

Kjært barn har mange namn. Kva kan vi eigentleg kalle dagen?

 

Norsk skrivemåte:
valentinsdag, valentinsdagen, eventuelt Sankt Valentins dag.
Samansette ord blir slik: valentinskort, valentinshelsing, valentinsfrimerke osv.

 

Det er vel ikkje så vanleg i Norge å komme med ynske for denne dagen, men i så fall kan ein gjere på denne måten:

 

God valentinsdag!
Gledeleg valentinsdag!
Eg ynskjer deg ein god valentinsdag!

 

Kjelde: Norsk Språkråd.


 

Espen Tørset

 


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: