Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Kven blir ein mobbar?

Skrevet 18.09.2010 19:29 - Underholdning

Johan Mjønes (2010): Orkanger, Aschehoug


Johan Mjønes er no ute med sin andre roman.

 

Orkanger er ein ambisiøs roman som lykkes delvis om viktige spørsmål.

 
 
Etter Terminalhastighet i 2009, vart vegen til den litterære stjernehimmelen kort for trønderen Johan Blichfeldt Mjønes. Aschehoug har for alvor tatt han inn i varmen, både som forfattar og konsulent. Terminalhastighet vart omtala som ein sjølvmordsroman, det var boka om kor fort ting kan snu. Katastrofen kan vere like rundt hjørnet.
 
 
Orkanger er ein industristad sørvest for Trondheim. Det er ein miniby som vi kan kjenne igjen frå mange stadar i landet vårt. Vi vitjar denne staden i Terminalhastighet og, men i Mjønes sin andre roman er heile handlinga lagt hit, til forfattarens barndomsrike.
 
 
Mjønes var ambisiøs i debutromanen, og han er ikkje mindre ambisiøs i Orkanger. Også denne romanen handlar om at det gjerne er tilfeldig kva for retning livet tar. Kven som blir ein mobbar og kven som blir eit mobbeoffer er ikkje sagt på førehand.
 
 
 
Dessverre bærer delar av boka preg av å vere uferdig. Forsøket i prologen med å zoome seg inn over Orkanger, til sjølve historia om mobbaren Børge og mobbeofferet Terje, og til slutt zoome seg vekk frå same staden i epilogen, er eit ankepunkt mot denne romanen. Dette kunne ha vore utgangspunkt for to gode enkeltnoveller, men i denne romanen verkar det for overambisiøst.  Eit anna ankepunkt er skildringa av mobbaren og mobbeofferet i første del. Her gløymer Mjønes å skrive god litteratur i iveren etter å få fram poenga.
           
 
Ja, mobbing er eit viktig tema. Og ja, romanen ser denne evige problematikken på fleire plan. Men må det vere så overtydeleg?
           
 
Orkanger hadde stått seg like godt utan første av dei tre delane som romanen er delt inn i. Problemet er at Mjønes ikkje klarer å skildre eit barnesinn så det verkar truverdig. Det Karl Ove Knausgård klarer så godt i Min kamp 3, og det som var noko av det store med Tarjei Vesaas, blir overtolka av Mjønes. Kvardagsspråket slår inn i staden for kunstspråket.           
 
 
Det er synd, for den talentfulle forfattaren viser i andre del, der hovudpersonane er i trettiåra, at han veit å skildre det dramatiske spelet mellom mobbaren og mobbeofferet på ein naken og sterk måte. Her kjem vi under huda på to menneske som har opplevd ei tragisk hending, og det på ulikt vis. Scenene i denne delen kunne ha vore ramma for heile romanen. Det er her nerven ligg. Det er her Mjønes viser kva som bur i han, og at det mellommenneskelege er noko som vil vere ein sentral grunnstein i forfattarskapen hans. Nett som i debuten.
 

Johan Bilchfeldt Mjønes viser med ”den vanskelege andreboka” at han på sitt sterkaste er ein forfattar å rekne med. Språket er på sitt beste særs poetisk, samtidig som det er nøkternt:
 
Vi rusler mot puben i stillhet. Det er ikke mye å si. Vi har vokst opp sammen, vi har alltid vært sammen, og vi har ikke mer å snakke om, ikke om vi ikke skal snakke om barn, om samboere, om koner, men vi skal ikke snakke om sånt, skal ikke snakke om sånt, kan ikke det, nå er det oss gutta, som i gamle dager, men det fins ikke, gamle dager fins ikke, det er forbi, og jeg kjenner på det, kjenner at det er noe som er så mye viktigere nå.
 
 
 
 
 
Kven er det som blir ein mobbar? Kva er det som gjer at eit mobbeoffer blir eit mobbeoffer? Mellommenneskelege spørsmål som dessverre synes å være aktuelle til alle tider. Mjønes lykkes delvis med å problematisere dette. Orkanger er ein overtydeleg roman, som på fleire måtar er uferdig. Men på sitt beste er det stor litteratur, og den viser at eksistensielle spørsmål aldri går av moten. Det må ikkje gå av moten.
 
 
Espen Tørset
 

Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: