Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Gjenreisa 150 år etter

Skrevet 20.10.2010 12:03 - Underholdning

Jon Severud: Ei gjenreise, Samlaget 2010.

 

 

150 år etter Aasmund Olavsson Vinje si reise til signinga i Trondheim, kan ein lese om han som tok same ruta i 2010.

 

 

Forfattar Jon Severud gjorde nemlig opp turen som skaparen av avisa Dølen gjorde kroningsåret i 1860. Vinje skreiv legendariske Ferdaminne sumaren 1860.

 

 

Jon Severud. Foto: samlaget.no.

 

 

Ei gjenreise er skrive i essayform, der Severud er i dialog med den originale reiseskildringa. Dette er spennande og originalt, og det viser at Vinje på mange måtar er like aktuell i dag som for 150 år sidan.

 

 

Severud oppsøker og kommenterer alle dei stadene som Vinje besøkte. Interessant for oss i Sør-Trøndelag er kanskje spesielt det legendariske måltidet som Vinje skildra frå Grut i Meldal. Dette møtet er ein klassikar!

 

 

 

 

Etter Meldal, gjekk Vinje gjennom Orkdal der han tok båten vidare til Trondheim. Og Severud klarer å levandegjere også denne reiseruta på ein leseverdig måte.

 

 

Førstkommande fredag arrangerer Trønderlaget (mållaga i trøndelagsfylka) kulturkveld på Bårdshaug Herregård på Orkanger. Der kjem sjølvaste Olav Vesaas (son til Tarjei og Haldis) for å snakke om nettopp Vinje sin reise i Trøndelag for 150 år sidan. Dette er eit arrangement som er ope for alle.

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: