Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Follo-russen med imponerande revy

Skrevet 12.12.2010 00:15 - Underholdning

Sjå bileta frå revyen i Nabogalleriet vårt.

 


Maria Næve som grautkjerringa på Å.

 

Russerevyen Phollo 2040 vart spelt i Orkdal kulturhus denne helga, og elevane fortener ein stor applaus for ein kjempefin revy!

 

Også i år viser dei som er på scenen humor, gode skodespelarprestasjonar, fin song og ikkje minst framifrå dans.

 

Den raude tråden var som namnet på revyen seier, Follo i 2040. Bakgrunnen er prosjektet til Orkdal kommune, der dei har laga visjonar om korleis kommunen deira skal sjå ut om 30 år. Men Follo-russen har utvida omgrepet, og publikum fekk ein rundtur til Lensvika, Å i Meldal, Snillfjord og ikkje minst Skaun.

 

Om nokon skulle vere i tvil: Stereotypiane om karskdrekking, blonde damer og eigarar av Volvo 240 lever i beste velgåande, slik dei gjer i ein kvar russerevy.

 


Tre dyktige revysjefar frå Meldal: Steffen Haugen, Kaja Lilleås og Tora Voll Dombu.

 

Revygjengen hadde satsa stort på det visuelle, med mellom anna to storskjermer. Eit dristig påfunn, men det tilførte revyen noko nytt og spennande.

 

Likevel er det skodespelargleda og dei treffande replikkane som imponerte mest. Og revysjefane Steffen Haugen, Kaja Lilleås og Tora Voll Dombu har hatt ei myndig hand på rattet, for dei ulike numra var passe lange og det var eit variert innhald i revyen. Ikkje var det for lokalt heller, noko som gjorde at oppsettinga kunne sjåast av fleire enn dei med tilknyting til Orkdal vidaregåande skole.

 

 


Irresistible fekk sin parodi.

 

For dei som ikkje tok turen til Orkdal for å sjå våre unge talent på revyscenen, kan gjennoppleve nokre av høgdepunkta i vårt Nabogalleri.

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: