Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Fred er ei det beste

Skrevet 22.01.2011 10:31 - Underholdning

Gode lesetips:

Edvard Hoem: Vennskap i storm. Bjørnstjerne Bjørnson 1875 - 1889, Forlaget Oktober, 2010.

 


Lik den biograferte, har Edvard Hoem god kontroll på talekunsten.

 

"Fred er ei det beste, men at man noe vil."

 

Sitatet over er frå "Jeg velger meg april!", som er eit av dei mest leste dikta hjå Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910). I band to av det omfattande biografisprosjektet om denne politikaren, folketalaren, teatermannen og forfattaren, får lesaren oppleve ein mann som aldri går på akkord med sine meiningar. Og dette skal koste han fleire vennskap og gjere han til ein ensom mann.

 

Det er mange skauningar som ved to høve har vore så heldig å få oppleve talaren Edvard Hoem. I 2008 og 2010 gjorde han stor suksses med sine foredrag om Peder Bjørnson og Bjørnstjerne Bjørnson. Prosjektet med å skrive ein biografi om Bjørnstjerne Bjørnson har tatt av. Først kom den gripande forteljinga om hans far, og no har også omfanget av historia om Bjørnstjernes liv blitt større enn planlagt. 

 

 

 

 

Eit enormt kjeldetilfang har gjort at Hoem har utvida dei to planlagte biografiane til å bli tre. Og i dette bandet følgjer vi Bjørnson i tida på Aulestad og åra i Paris. Vi får ei omfattande skildring av den spennande tida der parlamentarismen blir innførd og partipolitikken i Noreg blir ein realitet. Kampen mot svenskekongen og kampen mot målsaka er også noko av det som Bjørnson bruker tid og krefter på.

 

Dessverre gjer alle desse ordskifta og kampane at forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson kjem i bakgrunnen i desse åra. Men verk som På guds veie står seg godt også i dag.

 


Viktig for den norske identiteten: Bjørnson.

 

Edvard Hoem er ein biograf av stort kaliber. Ja, kanskje har vi aldri hatt nokon betre i denne sjangeren. Utan å bruke store bokstavar eller å gudeleggjere den biograferte, skriv han med innsikt og eit imponerande oversyn over ein av dei viktigaste periodane i norsk historie. Hoem kan også finne på å stoppe opp og kommentere hendingar i Bjørnson sitt liv på ein nøktern måte.

 

At Hoem i tillegg er ein eminent forfattar innanfor fleire sjangrar er ogå ein styrke. Her hentar han det beste frå lyrikken og romanen.

 

Edvard Hoem er rett og slett ein fryd å lese!

 

Her kan du lese om da Hoem var i Skaun og tala i Bjørnson-året.

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: