Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Heidres over heile landet

Skrevet 24.02.2011 22:17 - Kultur


Vil du bli betre kjent med Blix, er denne biografien eit godt val!

 

Som politikar, teolog, bibelomsetjar, språkmann og ikkje minst salmediktar har Elias Blix ein heilt spesiell plass i den norske kulturhistoria.

 

Denne mannen frå Gildeskål i Nordland vart fødd 24. februar 1836, og er dermed 175 år i dag. Denne "runddagen" vil bli markert i heile landet i 2011.

 

Han var med på å kjempe gjennom jamnstillingsvedtaket i 1885, han var hovudmannen bak omsetjinga av Det nye testamentet, og han gjorde nynorsken levande for kyrkjefolk i heile landet med sine salmar med bilete som folk kjente seg igjen i.

 

Enno i dag er 51 av salmane i salmeboka skrive av Elias Blix, og 20 av salmane i boka har han satt om. Fedrelandssalmen, No livnar det i lundar, Med Jesus vil eg fara og Barndomsminne frå Nordland er kanskje dei mest kjente tekstane han har skrive.

 

Alle som har vore skoleborn i Noreg og Skaun er kjent med den rike songskatten til Blix.

 

 


Etter ein lang og kald vinter, kan vi no gledje oss over at våren nærmar seg.

 

Tysdag 1. mars er vi inne i vårmånadene, og da kan det vel kanskje høve med ein vårsong? Mannen som har skildra denne årstida betre enn nokon annan, er mellom anna kjend for denne salmen:

 

No livnar det i lundar

No livnar det i lundar, no lauvast det i li 
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

 
Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord,
og atter som et under nytt liv av daude gror.            
 
Guds kyrkja lysa skulle som høgt på berg ein stad,
med sumar utan kulde og utan soleglad.

Du var med ljose dager, med lengting liv og song!
Du spår at Gud oss lager ein betre vår ein gong,
 
Då me med vigsla tunga, med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunga skal lova Herren vår.
Elias Blix
    

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: