Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Følgjer ein stolt tradisjon

Skrevet 13.03.2011 22:01 - Kultur

Boktips:

Helge Ingstad. En biografi.
Frode Skarstein
Spartacus Forlag, 2010


Spartacus Forlag.

 

I år er det 150 år sidan Fridtjof Nansen vart fødd, og 100 år sidan Roald Amundsen nådde Sydpolen. Biografien om Helge Ingstad viser at guten frå Meråker vart ein stolt arvtakar til den norske oppdagartradisjonen.


 
I tillegg var Ingstad (1899-2002) ein framifrå skribent, og hans forteljingar frå Canada, Grønland og New Mexico finst i mange heimar gjennom bøker som Pelsjegerliv, Øst for den store bre og Klondyke Bill.

 
Å lese om alle desse eskpedisjonane samla, gir lesaren noko å tenkje på. Det er faktisk mogleg å følgje draumane sine om ein berre hoppar i det.
 
 
Men det er aller helst Ingstad sitt arbeide med å grave fram tuftar som skulle bevise at norrøne bosetingar hadde funne stad på austkysten av Canada, ein må trekkje fram når ein skal seie noko om denne forunderlege eventyraren sitt liv. Dette står igjen som ein bauta i denne forteljinga.

 
Etter ein mangeårig kamp for å få anerkjenning for dette arbeidet, vart resultatet krona med at tuftene på New Foundland til slutt kom på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

 

Frode Skarstein. Foto: Spartacus Forlag.

Frode Skarstein har skrive ein kritisk biografi, som ikkje sminkar noko på skildringa av Helge Ingstad sitt liv. Dette er ikkje med på å øydeleggje historia om oppdagaren, men det gjer biografien meir truverdig og viktig. Her finn lesaren det som er viktig, og ein treng ikkje å manøvrere seg gjennom pinlege private historier som ettertida ikkje treng å bry seg med.

 
Skarstein er forskar, men har etter kvart vunne eit solid rykte som ein god biograf.

 
I tillegg til at Helge Ingstad. En biografi er ei god bok, er Ingstad sitt liv så fantastisk i seg sjølv at det berre må bli ein fryd å følgje livshistoria hans. Canada, New Mexico, Svalbard, Grønland og Vinland...For eit liv!
 
 
Espen Tørset

Til toppen

Del denne artikkelen på 



Er helge ingstad fra skaun? Ikke! Hvorfor presenteres dette tullet her da? Snakke om lokalt nettsted!!!


 Skrevet av: Henriksen ibsen



Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: