Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Årsmøte i Trønderlaget

Skrevet 03.04.2011 09:38 - Kultur


Olav Kuvås er leiar for Trønderlaget, mens Eli Aune held fram med å ha ansvaret for barneboksamlinga.

 

Den erfarne målmannen Olav Kuvås er nyvalt leiar i Trønderlaget.

 

Trønderlaget er eit fylkeslag i Noregs Mållag, og organiserar mållaga i Trønderlag sør for Namdalen. Laget arbeidar for nynorsk bruksmål og for styrkinga av dialektane i Trøndelag.

 

Etter å ha vore leiar for Skaun mållag i ei årrekke og etter ein periode i landsstyret, er Kuvås no leiar for Trønderlaget. Han tar over etter Gunnvald Bøe frå Melhus.

 

Noko av det som Trønderlaget gjorde i 2010, var mellom anna å gi 10 000 kroner til innkjøp av nynorskbøker til Jåren-Råbygda skole. Skolen er utvald til å bli med i eit pilotprosjekt i regi av Nasjonalt senter for skriveforsking, og da er det viktig å ha eit godt utval av nynorsklitteratur.

 

Elles arbeider laget med allment målarbeid som å gi ut Jul i Trøndelag, dele ut trøndersk målpris, stø lokallag som vil ha hjelp til skolemålsarbeid og kyrkjemålsarbeid.

 

Trønderlaget har og ei barneboksamling som alle interesserte kan bruke. Denne er det Eli Aune frå Skaun som har ansvaret for.

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: