Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Kulturhelg

Skrevet 08.04.2011 15:44 - Kultur

 

 

Viggja musikkorps inviterer til vårkonsert i Børsa samfunnshus søndag, og arrangøren lover både kulturelt påfyll og noko godt for ganen.

 

Saman med korpset, blir det innslag av Eggkleiva mannskor, Viggja og Børsa skolekorps, 2Late og tryllekunstnaren Sindre Rian. 2Late er tidlegare kjent som Sie Guta.

 

- Dei talentfulle ungdommane i 2Late blir noko utanom dei tradisjonelle innslaga på desse konsertane, så dette blir spennande, seier arrangør Hallgeir Måseide i Viggja musikkorps.

 


Sindre Rian er ein talentfull musikar og ikkje minst tryllekunstnar.

 

I tillegg til konserten i samfunnshuset klokka 18.00, inviterer ein gjeng songelskarar alle interesserte til Lovsangkveld i Børsa bedehus søndag klokka 20.00. Dette blir siste sjanse før sommaren, og forhåpentlegvis stiller arrangøren med fullt band denne gongen.

 

Søndag klokka 13 inviterer Skaun frivilligsentral til påskeverkstad på kantina på rådhuset i Børsa. Dette er ein gratis aktivitet, der barn og vaksne kan samlast rundt bordet for å lage påskepynt i lag. Ein kan også kjøpe seg noko godt å eta på.

 


Godkjøp kan gjerast i Fossvang i helga.

 

I Fossvang arrangerer Eggkleiva velforening loppemarknad både laurdag og søndag. Kaffesal høyrer og med.

 

Triveleg blir det garantert og i Børsa, der det endeleg opnar ein kafé. Laurdag klokka ni kan dei første kundane ta turen innom kafeen som har fått namnet Lykkelita. Opningsdagen byr på gode tilbud i bedrifta som held hus vegg i vegg med Børsa Blomster.

 

I Børsa arrangerer Børsa søndagsskole Ballongfest. Samstundes er det høgmesse i Børsa kyrkje, der det denne gongen er vikarprest.

 

For mange lokale fotballspelarar er det Buvika som er plassen i helga. Der er det klart for helg nummer to av Krokus Cup.

 

 

Fleire ting som skjer i helga i Skaun? Skriv det inn i kommentarfeltet!

 

 

Espen Tørset

 

 


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: