Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Krim frå havet

Skrevet 09.04.2011 22:38 - Kultur

Boktips: Islandsk krim skrive av Arnaldur Indridason.


Indridason er ein anerkjent krimforfattar i heile Europa.

 

Er du på utkikk etter krim i mesterligaklasse til påskeferien, bør du sjå mot Island.

 
Nordisk krim har ein høg status ute i Europa. Ein av grunnane finn du på Island og heiter Arnaldur Indridason.

Bøkene han har skrive om den spesielle etterforskaren Erlendur Sveinsson held internasjonal toppklasse innanfor denne sjangeren. Indridason har innkassert to Glassnøklar for bøkene sine, som vil seie at han har skrive den beste krimromanen i Norden.

Handlinga er stort sett lagt til Island, og bøkene i den populære serien om Erlendur og hans kompanjongar Sigurdur Oli og Elinoborg, er gjerne samfunnsaktuelle med eit politisk bakteppe. I Myren, som er den første boka i serien, er temaet ein families tragiske fortid der genteknologi gir Erlendur dei spora han treng for å løyse saka. I Vannet må etterforskarane finne spor tilbake til den kalde krigen i leitinga etter svaret på mordgåta, mens det er voldtekt av neddopa kvinner som utgjer hovudhandlinga i Irrganger.

Blodfersk krim.


Den siste boka i serien er Anger, som kom i norsk utgåve i 2011. Her lar Indridason Sigurdur Oli vere hovudperson, mens Erlendur er på ferie på austisland. Temaet i Anger er ”swinging” (partnerbytte), barneporno og pengeutpressing, som sjølvsagt ender i mord. Boka tar oss med inn i kjernen av det som vi i ettertid kjenner som finansbobla som sprakk.

Anger er kanskje ikkje like godt komponert som dei første bøkene, men likevel er den absolutt verdt å prøve seg på. Sjølv om Island berre er ei to timars flyreise unna oss, har landet noko eksotisk og mektig over seg.
 

Krimforfattar med Reykjavik som kulisse: Arnaldur Indridason. Foto: Cappelen.no
I eit spennande miljø har den eminente Arnaldur Indridason skrive krimlitteratur av aller beste merke. Påska kan vere tida der du finn ut det same.

 

Bøker i serien:

Myren (2000, norsk 2004)

Gravstille (2001, 2005)

Røsten (2002, 2006)

Vannet (2004, 2007)

Vinterbyen (2005, 2008)

Fjellet (2007, 2009)

Irrganger (2008, 2010)

Anger (2009, 2011) 

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: