Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Bles bort vinteren

Skrevet 11.04.2011 08:52 - Kultur


Edvard Mo og Terje Martin Solfeldt i 2Late imponerte med sin tolking av Allan Jackson.

 

Viggja musikkorps satsa på eit allsidig program da dei inviterte til vårkonsert søndag.

 

Amfiet i Børsa samfunnshus var godt besøkt denne ettermiddagen i april. Ynder kyndig leiing av konferansier Svein Wiggen fekk publikum oppleve korpsmusikk, mannskorsong, popband og ikkje minst trylling.

 


Svein Wiggen var kveldens konferansier.

 


Mange tok turen til Børsa samfunnshus for å prise våren på kulturelt vis.

 

Viggja musikkorps opna det heile med ein feiande flott innmarsj, før Viggja og Børsa skolekorps viste fram sitt program. Under leiiing av dirigent Håvard Hinsverk, fekk vi høyre afrikanske rytmer frå det spreke korpset. I tillegg var aspirantkorpset sterkt delaktig med sine nummer. Her var det fullt trøkk! Dirigent her var Åslaug Klingen.

 


Viggja og Børsa skolekorps.

 


Aspirantar.

 


Aspirantar.

 

Eit forfriskande innslag var gutane i 2Late. Vakre harmoniar og solid framføring prega dei blide musikarane i bandet. Dei spelte ein sjølvlaga song og to coverlåter.

 

Gitarist og songar Sindre Rian opna forestillinga etter pause med eit imponerande trylleshow. Magiske triks vart presentert med ein humoristisk snert. Moro med eit annleis innslag på ein tradisjonell konsert!

 


Magnus Solfeldt, Sindre Rian og Terje Martin Solfeldt i 2Late.

 


Øyvind Solfeldt på tangentar.

 


Sindre Rian med eit heilstøpt trylleshow.

 

Til slutt var det dei rutinerte aktørane som fekk utfolde seg. Eggkleiva mannskor framførte fire nummer som spente frå A Capella til det meir lausslupne, mens Viggja musikkorps fekk satt eit solid punktum med sitt program. Saman med dirigent Morten Tømmermo har dei verkeleg fått eit musikalsk løft.

 


Svein Ole Solfeldt sjarmerte sitt publikum med Hey Jude. Til venstre Hallgeir Måseide, mens dirigent Stein Nilsen trakterte pianoet.

 


Kåre Rønningen og Jon Lyngstad i Bruremarsj fra Lødingen.

 


Også Viggja musikkorps framførte ein bruremarsj. Denne var laga av Jan Magne Førde.

 


God rekruttering til voksenkorpset: Lise Ulfsnes og Ingvild Hegvik Wiggen.


Etter ein flott konsert som var til ære for våren, er det no berre å håpe på at årstida viser seg fra si beste side i tida som kjem!

 

 

Espen Tørset

 

 

 


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: