Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Populær salsutstilling

Skrevet 08.05.2011 23:11 - Kultur


Populært med kunstutstilling i bedehuset.

 

Mange tok turen til Børsa bedehus og kunstutstilling søndag ettermiddag.

 

Skaun kunstforeining lokka denne gongen med bilde av to lokale målarar, som til alt overmål er naboar. Utstillinga har fått namnet "To naboer", og både storsalen og lillesalen i bedehuset har kunst av Inge Gravdal og Viktor Hagen på veggen.

 


Dei bur i same gate, og begge har ei stødig kunstnarhand.

 

Gravdal og Hagen bur i Børsa, og derfor var det nok ekstra artig at ei slik utstilling fann stad i dei ljose og nyrenoverte lokala i Børsa bedehus.

 

 


Kari Schrødter opna utstillinga.

 

Velvalte opningsord var det Kari Schrødter frå styret i Skaun kunstforeining som stod for.

 

Elles var det ein stor glede å høyre Magne Førde som framførte fire vakre nordiske songar, akkompagnert med flott gitarspel.

 

Tekstar av Benny Andersen og Jakob Sande stod godt til både lokale og årstid.

 

Rundt 40 interesserte fekk med seg den fine opninga av utstillinga "To naboer".

 

Salsutstillinga kan opplevast også i veka som kjem:

Tysdag 8.5 kl. 17-19

Torsdag 10.5 kl. 15-19

Søndag 15.5 kl. 13-18

 

 

Bilda laga av Viktor Hagen er akvarell, medan bilda av Inge Gravdal er olje.

 

 

Her er fleire bilde frå opninga søndag ettermiddag:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 



magne<3


 Skrevet av: skaun US



Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: