Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Vårleg konsert

Skrevet 02.06.2011 22:47 - Kultur


Frå kortreffet i Meldal i februar.

 

Koret Våren Viggja ønsker å servere ein lett og vårleg konsert på tampen av vårsesongen.

 

Tysdag 7. juni slår koret til med å invitere gode musikalske venner til ein hyggeleg kveld i Børsa kyrkje.

 

Dette blir generalprøven for koret før songarstemnet på Strindheim om to veker.

 

Gjestekoret denne gongen er Stjørdal blandakor, som for anleiinga dirigeres av Vårens dirigent, Ingrid Nyhus. Nyhus vil og syngje nokre songar på eiga hand.

 
I tillegg kjem Daniel Andaas og Maja Aspås Teialeret frå Orkanger for å vere med på konserten. Andaas speler trompet, medan Aspås Teialeret skal syngje og spele piano.
 
 
 
Nok ein fin korsesong med mange øvingstimar går mot slutten.

 
Sjølvsagt skal Koret Våren Viggja syngje noko av det repertoaret dei har terpa på i vinter og vår, og dei håpar at det vil falle i smak hos publikum. Repertoaret spenner frå "Høga Visan" til "Bruremarsj", via pols og lette viser.

 
Koret har også eigen solist i rekkene.
 
 

I ei pressemelding seier koret at heile bygda er velkommen til ei hyggeleg kveldsstynd i kyrkja. Og det beste hadde vore om konserten kan vere med på å freiste fleire sambygdingar til å begynne å syngje i kor! 

 

 

Espen Tørset


Til toppen

Del denne artikkelen på 



På hvilket klokkeslett starter konserten? :)


 Skrevet av: Korvenn


Konserten starter kl. 20.30. Velkommen! :-)


 Skrevet av: Berit



Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: