Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Are Hembre til Kristin på Husaby

Skrevet 19.06.2013 21:39 - Kultur


Are Hembre held konsert i Børsa kyrkje søndag 30. juni.

 

Kristin på Husaby byr på konsertar, danseoppvising, gudsteneste, pilegrimsvandring og marknad.

 
Etter at Kristin på Husaby gjekk konkurs i fjor, har frivillige i Skaun arbeidd hardt for å få festivalen i gang igjen allereie i 2013. Kulturhelga er flytta frå august til siste helga i juni, og komitear og andre frivillige ventar no berre på at festivalen skal kome i gang.

Hovudtrekkplastra i år blir trioen Marte Valle, Sturla Eide og Øivind Farmen, som skal spele på opningskonserten i Skaun kyrkje fredag 28. juni, og Are Hembre, som held avslutningskonserten saman med Koret Våren, Viggja i Børsa kyrkje søndag 30. juni.

Marte Valle er ein popsongar som er oppteken av sin nordnorske kulturarv. Ho har vunne Spellemannsprisen, og ho har tidlegare samarbeidd med artistar som Sivert Høyem og Åge Aleksandersen. Øivind Farmen og orkdalingen Sturla Eide er av landets beste formidlarar innan folkemusikk, og saman vil desse tre artistane gi kjente melodiar eit nytt uttrykk, utan å fjerne seg frå originalen. Repertoaret vil bestå av kjent materiale frå salmeboka, folkemusikken, bluegrass og visetradisjon.

Are Hembre frå Meldal har etter kvart blitt ein vidgjeten konsertarrangør, med landskjente artistar på plakaten. Under Kristin på Husaby vil han endeleg vere hovudperson sjølv under konserten i Børsa kyrkje. Med seg på laget vil han ha Koret Våren, Viggja frå Skaun. Kristin på Husaby har tradisjon for å kople saman store artistar med lokale aktørar.
 
Programmet finn du på husaby.no

Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: