Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Lokalt preg

Skrevet 24.06.2013 23:06 - Kultur


Koret Våren, Viggja.

 

Kristin på Husaby byr på mange lokale aktørar under årets festival.

 

For nokre år sidan turnerte Eggkleiva mannskor i Nord- og Sør-Trøndelag med sitt Rotmo-show, og under årets festival i Skaun får vi ein ønskjereprise.

 

Eggkleiva mannskor.
 

Pub-kvelden laurdag har tradisjonelt vore det best besøkte arrangementet under Kristin på Husaby, og det er ein ingrediens det nye styret gjerne vil halde på. Her vil bandet Villa Grønnsofan frå Skaun spele. Før bandet kjem på scenen, inviterer Siri Grøttjord til musikalsk pupquiz. Her er alle hjarteleg velkommen til å vere med.



Robert Øyum-Jakobsen er vokalist i Villa Grønnsofan.


Koret Våren, Viggja kjem til Børsa kyrkje søndag. Der vil dei synge saman med Are Hembre.


I tillegg vil det i løpet av helga bli Kristin-marsj, pilegrimsmarsj, gudsteneste, barnedans og litterært program.

Marknadsplassen har i alle år vore nerven i Kristin på Husaby. Sånn blir det i år og. Ein eigen komité er på plass, og dei lover ein meir levande og aktiv marknad i år enn det som har vore tidlegare. Her er det berre å følgje med i tida som kjem på kva dei vil finne på.                
 
Du finn heile programmet på http://husaby.no/

Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: