Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Markerer røysteretten i Skaun

Skrevet 26.08.2013 10:20 - Kultur


Ole Magnar Morken vil snakke om kvinnefrigjering på Jåren og andre stader i verda.

 

11. juni 2013 var det 100 år sidan allmenn røysterett vart vedteke i Norge. I Skaun markerer ein dette onsdag 28. august i kommunestyresalen.

 

100 år etter at norske kvinner fekk røysterett ved stortingsvalet, finn ein markeringar av dette over heile landet. Arrangementet i Skaun har fått namnet 100 år med sterke stemmer, og programmet har eit sterkt lokalt preg. Det heile finn stad på kommunestyresalen i Skaun rådhus i Børsa.

 

På programmet finn vi appellar frå kvinnelege lokalpolitikarar, innslag med Gunnhild Sundli frå Skottet i Buvika, song med Skaun kvinnenettverk, og kåseri av Gerd Søraa og Ole Magnar Morken. Søraa skal snakke om kvinner, demokrati og rettigheiter i eit historisk perspektiv, medan Morken skal kåsere over tittelen Kvinnefrigjering på Jåren og andre stader i verda.

 

Konferansier for dagen er Aashild Grønning frå Orkdal. Ho er kjent i Skaun frå revyscenen som diva i Skaun artikailleri sine sommarrevyar på Snefugl gård. Hennar figur, Sjøla, vil også dukke opp, med filosofiske betraktningar over likestillinga.

 

Arrangør i tillegg til Skaun kommune, er sanitetesforeiningane i Børsa, Buvika og på Viggja, Skaun folkeakademi og Skaun frivilligsentral.

 
 
 
ET

Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: