Aill kjenne aill: Anders Jektvik.
Eggkleiva mannskor inviterer til Førjulsshow i Skaunhallen.
Tradisjonen tro har dei med seg gjesteartistar til dei to konsertane, som i år finn stad fredag 29. november og laurdag 30. november i Skaunhallen i Buvika. Anders Jektvik frå Hitra vart landskjent gjennom tv-programmet Norske Talenter i fjor. Fleire av songane frå debutplata Aill kjenne aill har det siste året vore spela på mellom anna NRK radio.
På heimebane: Siv Marit Egseth.
Siv Marit Egseth frå Buvika er eit artisttalent utanom det vanlege, som syng musikk i mange ulike sjangrar. Ho er og ein dyktig låtskrivar. I ein låtskrivarkonkurranse i vår, vart ho kåra til Noregs største låtskrivartalent.
Eggkleiva mannskor starta haustsesongen med øvingar denne veka, og førjulsshowet er sesongens store høgdepunkt. Musikalsk leiar er Stein Nilsen.
Legg til kommentar
Ta kontakt på: |