Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Travel haust for dei minste

Skrevet 06.09.2013 19:22 - Lokale saker


På søndagsskolen blir vi kjent med bibelhistoria. Arkivfoto.

 

Børsa menighet og Børsa Normisjon har eit høgt aktivitetsnivå. Spesielt kan dei yngste av oss velje mellom mange ting å vere med på i haust.

 

Søndag 8. september inviterer Børsa menighet til haustens første søndagsskole. Det er eit tilbod for barn frå tre år og oppover. Her blir ein kjent med bibelhistoria gjennom leik, drama, sang, film med meire.

 

For dei større barna kan Go-kveld-klubben og Thunder ungdomssklubb vere eit spenande fritidsalternativ. Førstnemnte klubb er for dei største barna på barneskolen, og dei inviterer til temakveldar utover hausten. Thunder er for ungdomsskoleelevar og dei på som går på vidaregåande skole. Ungdomsskluben har ei eiga heimeside, www.uklubben-thunder.no og dei er og på Facebook.

 

Åpent lekested er eit tilbod for dei som er heime med småbarn, og bedehuset er ope tysdagar i oddetalsveker kl. 10.30-12.30.

 

På programmet til Børsa Normisjon finn vi familietreff, seminar for par og ektepar, Mali-kveld, Vi over 60,  med meir.

 

I snitt blir Børsa bedehus brukt til ulike arrangement kvar tredje dag, året rundt.


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: