Det vart ein triveleg avslutning på valkampen i Børsa laurdag. Innimellom den politiske praten, vart det tid for kaffe, vaffel og musikalske innslag.
Kristeleg folkeparti hadde mobilisert med eigen scene for dagen. Her vart det politisk appell frå partiets førstekandidat i Sør-Trøndelag, Øyvind Håbrekke, og mykje god musikk av mellom anna eit bluegrassband frå Heimdal. Skaun KrF serverte vaffel og kaffe.
Øyvind Håbrekke saman med Ola Halgunset frå Skaun KrF.
Alle parti som i dag er representert på Stortinget var representert på parkeringsplassen ved Prix, Børsa. Sjølv om alle no er spente på valresultatet måndag, var stemninga god og venleg. Kaffekoppane vart mange, og det vart mykje hyggeleg politisk prat utover den fine septemberlaurdagen.
No gjenstår det berre å seie godt val til alle. Bruk røysteretten din.
Astrid Gimseng og Øystein Wiggen frå Senterpartiet kjempar for å vidare raudgrøn regjering.
Anita Gilde (Frp) og Oddbjørn Stjern (KrF) håpar på regjeringsskifte.
Legg til kommentar
Ta kontakt på: |