Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Artikailleriet er tilbake

Skrevet 15.09.2013 16:48 - Kultur


Ole Magnar Morken, Jon Lyngstad og Aashild Grønning er klar for nye runder på revyscenen.

 

Sirkushestane i Skaun Artikailleri er tilbake - denne gongen i førjulsstria.

 

6. og 7. desember inviterer Skaun Artikalleri og vertsskapet på Konstadtunet i Vassbygda til julebord og revy. Publikum kan velje om dei ønskjer full pakke eller "berre" revy.

 

- Vi gler oss veldig, seier revysjef Jon Lyngstad.

- Å lage førjulsrevy er eigentleg noko vi har tenkt på i lang tid, og no hoppar vi i det, seier han vidare. 

 

Skaun Artikailleri består denne gongen av Jon Lyngstad, Ole Magnar Morken og Aashild Grønning.

 

 Etter å ha vore på befaring på låven saman med vert Toril Mevik på Konstadtunet, har revygjengen no funne ut korleis dei skal løyse det praktiske med scenen etc. Låven vil romme 130 publikumarar.

- Låven på Konstadtunet er perfekt for denne typen revy. Det blir kjempekoseleg!


 


Jon Lyngstad i kjent revypositur.

 

Programmet til einaktaren er ikkje heilt klart enno, men Lyngstad lover at det blir noko gamalt og ein del nytt.

- Men alt blir i ny og tidsaktuell innpakking, smiler han lurt.

- Og kanskje kjem nissen og besøker oss!

 

I utgangspunktet tenkjer artikailleriet å sette opp desse to førestillingane. Men når vi spør om kva som skjer om dette blir kjempepopulært og billettane rives bort, er ikkje Lyngstad kategorisk avvisande til fleire revykveldar.

 

- No føler vi oss fram, så ser vi korleis det blir. Det er utgangspunktet vårt.

 

Stein Nilsen og Einar Mellingseter utgjer husbandet under revyen.


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: