Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Magisk musikkspel

Skrevet 19.09.2013 22:08 - Kultur

Skottet i Buvika 

 

Musikkspelet Skottet i Buvika innfrir på alle måtar.

 

Den som var imponert over spelet da det vart urframført i 2008, vil mangle superlativ i år. Alt er minst like bra. Manus er stramma opp, koreografien er reinare og meir realistisk, mølleområdet blir utnytta betre, og ikkje minst er skodespelet og songen nok ein gong verdt ein stor applaus.

 

Skottet i Buvika - Jonas Nerland som fagforeningsleder Elias Volan
Fagforeiningsleiar Elias Volan, her saman med Jon Bogen og Jon Lyngstad.

 

Historia om arbeidskonflikten i Buvika er sterk nok i seg sjølv. Den ber i seg stoff som har nasjonale dimensjonar. Manusforfattar Idar Lind og komponist Knut Anders Vestad får fram korleis konflikten vart vanskeleg for alle partar og at den hadde mange ofre. Arbeidskonflikten i 1913 delte bygda i to, der ingen vart vinnarar. Streikebrytarane var vanleg ungdom som trong arbeid for å berge livet. Sonen til Marius Folstad, Peder jr., vart eit uskyldig offer for konflikten, da faren vart skoten. Ein stor takk til Fredrik Vang for rørande innsats i rolla som Peder jr.

 

Skottet i Buvika - Jonas Nerland som fagforeningsleder Elias Volan
Makt bak krava. Møllearbeidarforeininga går til streik.

 

Mange fortener skryt for sine prestasjonar. Dei lokale aktørane gjer ein fantastisk jobb, både som skodespelarar og som songarar. Vi kjenner på kroppen kor hustri og kaldt det er å vaske kleia i Hammersbekken, og vi føler frustrasjonen til møllearbeidarane som ikkje når fram til Piene med krava sine om betre løn, ferie og arbeidstid. Her finn vi og rom for kjærleik, som i den vakre duetten med Karen Egseth (Anna) og Lasse Næss Leistad (Abraham). I tillegg gjer dei yngste skodespelarane ein fantastisk innsats i spelet. Også ongane vart merka av "vaksenkonflikten".  Kæm e d som har skylda? Gjennom ongane si historie får det heile ein ekstra menneskeleg dimensjon.

 

Og dei proffe er nettopp det: proffe. Stig Krogstad (Lars Mester), Ståle Tørring (Marius Folstad) og Jonas Nerland (Elias Vollan) er tre skodespelarar som har nerve i alt det dei gjer på scenen, og det er fleire som dei. Alle kunne ha vore nemnt. Men den som likevel imponerer aller mest, er Gundhild Sundli. I rolla som kokka Sofie er ho den som bind heile den dramatiske historia saman med rørande vakker song og sterk og naturleg innleving på scenen.  
 

Skottet i Buvika - Gunnhild Sundli som kokka Sofie
Gunnhild Sundli som kokka Sofie.

 

Skottet i Buvika er regissert av Nora Evensen. Kapellmester er Trond Hustad,

 

Alle bør ta turen til Buvika i løpet av helga for å oppleve lokal og nasjonal kulturhistorie på sitt aller beste.

 

Skrive etter generalprøva torsdag kveld.

 

Espen Tørset

 

 

Skottet i Buvika - Niklas Kummeneje som Alf Egseth
Niklas Kummeneje som Alf Egseth

 

Skottet i Buvika - Ståle Tørring som Marius Folstad
Ståle Tørring som Marius Folstad

 

Skottet i Buvika - Stig Krogstad som møllemester Lars Sørensen(Lars Mester)
Stig Krogstad som møllemester Lars Sørensen(Lars Mester)

 

 


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: