Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Bokaktuell 91-åring

Skrevet 28.09.2013 20:32 - Kultur


Arnold Bakken.

 

Arnold Bakken (91) har budd i Børsa i over 60 år, men har enno eit sterkt forhold til heimbygda Soknedal. Det har resultert i boka Fedrane kyrkja. Soknedal kyrkje 80 år.

 

I samband med at kyrkja i Soknedal i 2013 feirar 80 år, fekk Bakken oppdraget med å vere redaktør for ei jubileumsbok. Han er eit naturleg val til å lage ei slik bok. Han hugsar godt da gamalkyrkja i Soknedal brann i januar 1932, og han var til stades på kyrkjebakken da nykyrkja vart vigsla 28. september 1933.

 

Bakken har brukt pensjonisttilveret til å skrive fleire kulturhistoriske bøker. Farvel da, slekt og venner (1997) dokumenterer utvandringa frå Skaun til Amerika og I emigrantens fotefar (2001) tar for seg same emne, men no frå Soknedal. I 2005 gav han ut Kom no Dagros. Om sæterbruk og markaslått i Soknedal.

 

 

I den ferske boka, som har fått namnet Fedrane kyrkja. Soknedal kyrkje 80 år, skriv Bakken først og fremst om den 80 år gamle kyrkja og livet i og rundt den. Men han har og med artiklar om alle dei seks kyrkjene som gjennom historia har stått i Soknedal. Mykje av forteljinga her bygger mest på segn.

 

Også andre skrivarar har bidratt i jubileumsboka, som rommar artiklar om eit allsidig og levande menighetsliv, misjonsprosjekt og mykje anna. Ein av dei andre artikkelskrivarane, er også børsværing. Oddbjørn Stjern er sokneprest i Midtre Gauldal, men bur i Børsa.

 

 


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: