Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Med handlaga smykke på programmet

Skrevet 10.10.2013 22:08 - Kultur


Magnhild Rølvåg.

 

Magnhild Rølvåg frå Buvika kjem til Onsdagskveld på Rossvoll for å fortelje om arbeidet sitt i Hammerdalen 24.

 

Kulturkvelden i kommunestyresalen i Børsa onsdag 16. oktober byr på gjestar frå Melhus og Buvika. Rektor ved Trøndertun folkehøgskole, Ronald Nygård, skal kåsere om Melhus i sagalitteraturen. I tillegg skal altså gullsmed Magnhild Rølvåg fortelje om eigne handlaga smykke og arbeidet i verkstaden sin i Galleri Hammerdalen 24 i Buvika.

 

Rølvåg er gift med Knut Eerik Halvorsen. Saman har dei skapt eit eksklusivt galleri med sjel innst inne i Hammerdalen. Mens Halvorsen driv med grafikk, lagar Magnhild Rølvåg smykke og ringar.

 

Det var Halvorsens far, Knut Halvorsen, som på åttitalet etablerte Galleri Arctica i Hammerdalen. Knut Eerik Halvorsen og Magnhild Rølvåg har tatt prosjektet eit steg vidare, med å pusse opp "nye" lokale for kunsten sin. I ei snart 200 år gamal trønderlån som stod der Coop Prix Buvika står i dag ("Lihaug-tomta"), har paret skapt seg ein heim, ein arbeidsplass og eit galleri.

 

Magnhild Rølvåg er gullsmed, og i tillegg til ein del reperasjonsarbeid lagar ho brukskunst som er populære hos mange. Ho lager funksjonelle smykke som skal vare lenge. Ho arbeider helst med naturlege materiale, som sølv, edelstein og gråstein.

 


Galleri Hammerdalen 24.


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: