Styreleiar Ingrid Sjoner.
Styret i Kristin på Husaby inviterer til ope medlemsmøte, der alle interesserte kan vere med å påvirke den vidare utviklinga av festivalen.
Det "nye" Kristin på Husaby vart arrangert siste helga i juni i år. Etter å ha evaluert innhald og økonomisk resultat for festivalhelga, satsar no det nye styret på å arrangere ein ny festival 27. - 29. juni i 2014. Sjølv om det formelt er årsmøtet i foreininga som avgjer dette i februar neste år, meiner styret at alt ligg til rette for årleg "Kristin-helg" i Skaun.
Samlinga vil finne stad i kommunestyresalen i Skaun rådhus i Børsa måndag 28. oktober. Her vil ein først kort evaluere festivalen 2013, før ein diskuterer vidare retning for Kristin på Husaby. Idemyldring og gruppearbeid er stikkord frå invitasjonen frå styret.
I tillegg til diskusjon om vidare utvikling av Kristin på Husaby, er det eit viktig mål for styret å auke medlemsmassen for foreininga. Både privatpersonar og organisasjonar kan vere medlemmar. Dei som blir medlemmar kan vere medarrangør under festivalen gjennom kulturelle bidrag, frivillig innsats eller gjere inntektsbringande arbeid. Berre medlemmar har røysterett på årsmøtet.
Les meir om medlemskontigenten på husaby.no.
Legg til kommentar
Ta kontakt på: |