Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Adventskonsert i Skaun kyrkje

Skrevet 07.12.2013 07:23 - Kultur


Arkivfoto.

 

Skaun musikkorps inviterer til tradisjonell kyrkjekonsert søndag kveld. Tradisjonen tro, inviterer dei med seg ei lang rekke lokale gjesteartistar.

 

Arrangørane i Skaun musikkorps har alltid vore flinke til å finne lokale gjesteartistar som veit å skape god adventsstemning. Så også i år. Eit høgdepunkt blir aktørar frå Skaun kulturskole, som vil framføre fleire nummer under konserten.

 

Saima Iren Mian frå Buvika er kjent frå jentegruppa Irresistible. Søndag er ho på plass i Skaun kyrkje, der ho vil synge julelåter. Eggkleiva mannskor er fast aktør på denne konserten. I år vil dei presentere smakebitar frå Førjulsshowet dei hadde førre helg.

 

 
Saima Iren Mian.

 

I tillegg til å vere arrangør, er Skaun musikkorps ein viktig musikalsk bidragsytar under konserten. Ofte har dei med seg gjestesolistar under desse konsertane, og i år er det Karen Egseth frå Buvika som er med dei.

 

Prest og organist stiller også.

 

I arkivet vårt kan du lese om adventskonserten i Skaun kyrkje i 2009 og 2010.

 


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: