Inge Haukvik.
Verdas største Prøysen-samlar er gjest på Onsdagskveld på Rossvoll.
Onsdagskveld på Rossvoll inviterer til Prøysenkveld 22. januar.
"Verdas største Prøysen-samlar", Inge Haukvik frå Børsa vil kåsere om Alf Prøysen og vise fram noko frå samlinga si. Dette er eit aktuelt tema i år, da heile Noreg markerer at det er 100 år sidan diktaren frå Rudshøgda vart fødd.
I tillegg vil det bli musikalsk Prøysen-innslag ved Øyvind Engen. Han er kjent frå gruppa Dadafon, spelar cello, gitar og syng.
Her kan du lese eit intervju Nabonytt gjorde med Inge Haukvik i 2011.
Legg til kommentar
Ta kontakt på: |