Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Årbok Skaun historielag

Skrevet 19.02.2014 17:14 - Kultur


Årbok Skaun Historielag 2013
Snøfugl forlag
Redaktør er Gerd Søraa.

 

Hovudartikkelen i Skaun historielags årbok 2013 er Erling Sletbaks minne frå den andre verdskrigen.

 
 
Årboka til Skaun historielag for 2013 har fått namnet Krig og okkupasjonstid. Erling Sletbak var lensmann i lensmannsdistriktet som den gong var Skaun, Børsa og Geitastrand. Etter krigen skreiv han ned sine minne frå okkupasjonstida, og i årboka til Skaun historielag får vi ta del i spennande episodar frå lensmannen og motstandsmannen Sletbak.
 
Sletbak var født i Surnadal i 1900 og døde i Trondheim i 1999. Under krigen let han seg ikkje kue av okkupasjonsmakta. Motstandskampen starta 9. april 1940, og etter kvart fekk NS-styret nok og han vart avsett som lensmann av i 1942. Etter at tyskarane kapitulerte i 1945, kom han tilbake som lensmann i Skaun-distriktet.
 
 
Frå memoarane les vi om kvardagshendingar og meir dramatiske episodar frå Børsa og Skaun. Skauningane kom relativt bra gjennom krigs- og okkupasjonsåra, men distriktet lei tap av menneskeliv og mange opplevde mykje uhyggeleg og Sletbak er klar på at ettertida ikkje må gløyme den dramatiske tida.
 
 

Erling Sletbak. Bildet er henta frå årboka.
 
 
Historiske dokument frå Buvika
Gerd Søraa frå Buvika er redaktør for årboka. Ho har og skrive to eigne artiklar. I «Hvem «eier» Erkebiskop Øystein?» bruker ho sin eigen bakgrunn som verdaling og skauning for å drøfte om kor vår siste erkebiskop eigentleg kom frå. Er det Rosvold i Verdal eller Rossvoll i Børsa som er Øysteins fødestad? Søraa konkluderer ikkje, men gjennom argumentasjonen lar ho det likevel skine gjennom at skauningane kan gjere rett i å «eie» erkebiskopen.
 
 
Søraa skriv og om skikken med inngangskoner og baulag (bearlag) i Buvika. Elles presenterer Oddbjørn Snøfugl historia om diskusjonsforeiningane i Buvika på slutten av 1800-talet. Det var foreiningar som skapte arenaar for drøfting og meiningsutveksling om aktuelle politiske saker i ei turbulent tid. I saker som unionsstrid, utvandring til Amerika, endringar i landbruket og bygginga av lokaldemokratiet var motsetningane store.

Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: