Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Med Hølonda i sentrum

Skrevet 22.02.2014 14:37 - Sport


Foto: Gyldendal.

 

 

I boka Femmila: skisportens manndomsprøve vier forfattar Thor Gotaas mykje plass til skiheltane frå Hølonda.
 
Søndag er sjølve finaledagen i dei olympiske vinterleikane i Sotsji, og der ventar den vidgjetne femmila. Ingen annan distanse har gjennom vinteridrettens historie fostra så gode anekdotar, fleire heltar eller knuste drøymar. Moro for oss er det og at skiløparar frå Hølonda, nabobygda vår i sør, har sett så djupe spor i denne delen av vår felles nasjonale kulturarv. I boka Femmila: skisportens manndomsprøve, presenterer Thor Gotaas historia om den mytiske konkurransen. Frå starten i Holmenkollen i 1888 til VM i Val di Fiemme i 2013. Boka er skriven med engasjement, humor og med mykje kunnskap. Gotaas har skrive ei populær bok. Allereie før jul var det fjerde opplaget ute i sal. 
 
 
Hølonda
Det første møtet med Hølonda får vi vinteren 1939-1940. Da reiste landets første rikstrenar i langrenn Arne Rustadstuen rundt omkring i Noreg. Da han kom til Hølonda før jul i 1939, møtte han fleire skitalent. Ein av dei var Magnar Estenstad, som etter kvart skulle bli ein av dei store femmilskongane i skihistoria. Etter at krigen var slutt, vart Hølonda og idrettslaget Leik ein maktfaktor i norsk langrenn. Skileiar var Anders Estenstad, onkel til Magnar. Han var sjølv ein habil skirennar før krigen. Da han gifta seg til ein storgard på Strinda, brukte han nokre av pengane sine på å satse på skitalent i heimbygda.
 
 
Eit tiltak som skulle få fram gode femmilsløparar, var arbeidsleirar. Her kombinerte skiløparane tømmerhogst og skigåing. Det skulle bli ei suksessoppskrift. Ein hogstleir var plassert på Hølonda, og Martin Stokken var ein av dei som arbeidde og trena her. Arbeidet hausten 1953 gav han ekstra styrke og han vann femmila i Holmenkollen i 1954. Ein av gratulantane var Anders Estenstad: ««Dom kom vel med dessa harde ved- og tømmerhogstdågann i Hølondamarka i dag». «Ja, betterdø», sa Stokken med sin lyse stemme».
 
 
Thor Gotaas bruker mykje plass i boka si på skiheltane frå Hølonda. Dei to største, Magnar Estenstad og Oddvar Brå, er sjølvsagt mest sentral. Oddvar Brå, som er nummer ein på noregsmeisterskapen sin adelskalender, er ein som «knekte femmilskoden». I tillegg var han særs populær og han vart ein nasjonal idrettsstjerne. Lesarane blir med Oddvar Brå på tunge treningsturar i blautmyra og ein får vere med i konkurransar i inn- og utland.
 
 
I tillegg til Estenstad og Brå, fortel boka Femmila historier om gode løparar som Ola Unsgård og Birger Brå. Det gode miljøet i idrettslaget Leik vart og eit trekkplaster for skitalent frå andre stader i Trøndelag. Sverre Stensheim frå Nerskogen var med på arbeidsleirar på Hølonda, og vart seinare ein femmilskonge med tre sigrar i Holmenkollen.
 
 
Femmila: skisportens manndomsprøve er krydra med gode historier, og det er ein fest å lese boka. For å bruke den rette sjargongen, så er det ei bok heilt fri for glepptak og det er ingen sprekk å spore på oppløpet. Ei av dei gode historiene er om budalingen Eiliv Enlid, som vart nummer 36 på 50-kilometeren i Holmenkollen i 1931. Karrieren som langrennar vart finansiert av skogsarbeid, snarefangst og molteplukking. For å ta toget frå Kotsøy til skikonkurransane rundt om i Noreg måtte han først gå to mil på ski frå Budalen. Sommaren 1932 vart eit dårleg molteår, dermed dårleg moltesal, som igjen førte til at han måtte halde seg heime frå skirenn på grunn av små inntekter.
 
 
Thor Gotaas frå Brumunddal er folkeminnegranskar, og har tidlegare skrive bøker om skihistorie, taterar, landstrykarar med meir. Gotaas er ein fantastisk historieforteljar, og det gjeld både i skrift og i tale. Ved to høve har han vore gjest under kulturfestivalen Kristin på Husaby i Skaun. Her har han mellom anna snakka om den vandrande redaktøren Anders Mehlum frå Skaun.
 

Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: