Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Barnelitteraturens superstjerne til Skaun

Skrevet 21.03.2014 15:29 - Kultur

 

Maria Parr har ein stor lesarskare i både Noreg og i utlandet. Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal er omsett til 40 språk. Onsdag 2. april er på besøk på Skaun folkebibliotek.

 

Norsk barnelitteraturs superstjerne blir mellom anna samanlikna med Astrid Lindgren. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005 og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009. For den boka vart ho tildelt Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen. Bøkene hennar passar best for barn i aldersgruppa 8 til 13 år, men også eldre kan ha stor glede av dei morosame historiene.

 

Bøkene til Maria Parr er omsett til heile 40 språk. I Russland har ho selt over 40000 bøker. Det er altså ei stor hending når forfattaren frå Vanylven kjem til Skaun.

 

Onsdag 2. april klokka 18.00 er ho på plass på Skaun folkebibliotek i Børsa. Arrangementet er gratis.

 

Fredag 4. april besøker ho elevane på Venn skole og Jåren/Råbygda skole.


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: