Siste kommentarer
til våre nyhetssaker:

Berit
Erik Evjen Høyvik
Jon Olav
Elin
Øyvind Neeraas
Orkdal
 




Ledig
 


Gerd Søraa 80 år

Skrevet 09.04.2014 16:25 - Lokale saker


Foto: Eivind Stende.

 

Feira dagen med gode vener på Tangen.

 

Gerd Søraa vart 80 år tysdag 8. april. Under tysdagskaffen til Buvik pensjonistforening på Tangen i Buvika vart Gerd Søraa overrekt blomster og gåver.

 

Søraa har gjennom eit langt liv vore aktiv som forfattar, redaktør og politikar. Ho er fødd i Verdal, men har i sitt yrkesaktive liv arbeidd i Trondeheimsområdet. Ho har mellom anna vore redaktør i Trønderbladet (1996-2000).

 

Ho har gjort ein formidabel innsats for å ta vare på kulturhistoria i Skaun. Søraa har skrive og vore redaktør for bøker som Buvika før i tida (2004), Fra rideveg til motorveg (2005) og Streiken i Buvika (2008) og årbøker til Skaun historielag.

 


Gerd Søraa er ein glitrande kåsør, og det vanka gode historier også denne dagen på Tangen. Foto: Eivind Stende.

 

Les om Skaun historielags årbok her.

 

Nabonytt gratulerer Gerd Søraa med dagen!

 

Takk til Eivind Stende for bileta.


Til toppen

Del denne artikkelen på 




Legg til kommentar


Navn:
Kontaktinformasjon
Kontroll: Skriv inn tegnene Skriv inn tegnene du ser i bildet for godkjennelse.
kommentar:
 
For å unngå publisering av støtende innhold, har vi nå innført godkjenning av kommentarer.

De blir nå lest, før de blir godkjent og publisert. Vi leser igjennom jevnlig og publiserer godkjente kommentarer så fort vi kan.



T2 Regnskap AS - Alt innen regnskapstjenester



Ta kontakt på: